Lene Ask: Astrid Løken – Å slåss med varsomme hender SIGNERT MED TEGNING!
Lene Ask: "Astrid Løken – Å slåss med varsomme hender"
Tegneseriebok
"Den uimotståelege kombinasjonen av humleforsking og motstandsarbeid under krigen blir respektfullt teikna fram i Lene Asks biografi, «Astrid Løken – Å slåss med varsomme hender.
Den litt spesielle kombinasjonen av humleforsking og spionasje er biografisk gull, og Lene Ask fortel historia like varsamt og respektfullt som Astrid Løken handsama naturen. … Boka har eit mangfaldig uttrykk som bidreg til å gjere både Løkens og humlenes liv meir levande. Sidene si utforming vekslar mellom ruter, heilsider, foto og lengre tekstutdrag, og mellom maskinskriven og handskriven tekst. Illustrasjonane er ein kombinasjon av tusj, kolstift og akvarellar, både i fargar og svart-kvitt. Fleire stader i boka teiknar ho også opp oversiktsbilete av humler som kan minne om plansjane ein kunne finne i norske klasserom før i tida. Desse er vakre kvileskjær i det løpande narrativet. …
… personen Astrid Løken som er fokuset her; den andre verdskrigen ligg i store delar av boka meir som eit bakteppe. Mot slutten blir også Løkens arbeid aktualisert og løfta ut av det historiske. Allereie i 1973 åtvara Løken om tilbakegongen av pollinerande insekt i Noreg grunna industrialisering og kultivering av udyrka mark. «Når villblomstene blir borte, forsvinner humlen», skriv Lene Ask (og ser kanskje strengt på deg som let robotgrasklipparen dure på gjennom sommaren).
Me treng humlene, og me kan la lære av dei. Av dei 35 norske humleartane er 28 sosiale. Desse arbeidsame insekta lever i avanserte samfunn der oppgåvene blir fordelte mellom dronningar, dronar (hankjønn) og arbeidarar (hokjønn). Humlene kan også regulere kroppstemperaturen sin, slik at dei har større rekkevidde enn mange andre insekt. Slik sett fungerer humlene som ein fin metafor for Astrid Løkens inspirerande livsverk."
Asle Sætre, Serienett